Symbol Nyheter

Profilbilde


Kontakt STL

Besøks-/ postadresse:
Rådhusgata 1-3
0151 Oslo
23 08 13 39
stl@trooglivssyn.no

Powered by i-tools
Design: Message

Dialog i Bergen: Å kjempe mot frykta 08.05.12 - For halvanna veke sidan* var knapt tretti kvinner og menn samla i Bergen rådhus til det første årsmøtet i Bergen Samarbeidsråd for Trus- og Livssynssamfunn. På dette møtet var det representantar for alle dei store verdsreligionane, og dessutan frå Human-Etisk Forbund, Kristensamfunnet og mormonarane, i tillegg til Den norske kyrkja. Fleire av møtedeltakarane understreka at no er tida moden, svært moden for eit slikt initiativ. Bergen er i aukande grad blitt eit mangfaldssamfunn, i likskap med andre store norske byar, og det er avgjerande at vi tek det på alvor.

av Jan Otto Myrseth, domprost for Den norske kyrkja i Bergen (Foto: Kyrkjerådet)

Ved å kome saman på denne måten seier dette representative fellesskapet av dei som er engasjerte i trus- og livssynssamfunn i byen vår eit tydeleg nei til all fundamentalisme og ekstremisme. Dei er samde om at det i landet vårt er plass nok til at både ikkje-truande og truande frå ulike tradisjonar kan leve side om side.


Den nyvalde leiaren for samarbeidsrådet, dialogprest Hildegunn Isaksen frå Den norske kyrkja, understrekar at dialog på tvers av tru og livssyn ikkje handlar om å bli samde eller mest muleg like kvarandre, men om å møtast med respekt. Saman vil medlemene av rådet løfte fram tru og livssyn som ei positiv kraft.  Ulikskapane vil dei ikkje underslå, men tvert imot leve godt med.

Når vi skaper møteplassar, lyttar til kvarandre og legg til rette for å bli betre kjende, kan vi opne dører til eit dynamisk og mangfaldig samfunn der vi ser ulikskapar som ein ressurs heller enn eit trugsmål.

Midt i alle ulikskapar står medlemene i samarbeidsrådet saman om å løfte fram verdiar som miskunn, nestekjærleik, omsorg, forsoning, fred, tilgjeving og menneskeverd. Som ein grell kontrast til desse verdiane står det ufattelege hatet og den ideologiske grunngjevinga som dreiv terroristen til sine bestialske handlingar.  Dette ideologiske hatet, som heng saman med frykta for det som er annleis, må vi møte ansikt til ansikt. Det er berre kjærleiken som kan overvinne hatet, og det er når vi elskar attpåtil fiendane våre at vi kan vere born av vår Far i himmelen, seier Jesus.

Når vi no nærmar oss nasjonaldagen vår, er det viktigare enn nokonsinne å minne kvarandre om at vi alle er verdsborgarar og er i slekt med kvarandre, uansett kva for hudfarge vi har eller kva for religion eller livssyn vi vedkjenner oss til. I eit av dei mindre kjende versa i nasjonalsongen vår skriv Bjørnson: Fienden sitt våpen kastet, opp visiret fòr, vi med undren mot ham hastet, ti han var vår bror.

Når fienden fjernar hjelmen eller visiret, ser vi eit ansikt. Og når vi ser godt etter, oppdagar vi at det er ansiktet til ein bror eller ei søster.  Klarer vi å legge til rette for slike møteplassar, kan vi også gradvis bekjempe den frykta som hatet hentar si næring frå.

(* Møtet ble holdt 19. april. Denne teksten stod opprinnelig på trykk i Bergens Tidende 29. april 2012.)

Les mer om Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn i Bergen.